1.
Dei gamle Fjell i Syningom
er altid eins at sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.
2.
Paa Fjellom er det leikande
at ganga til og fraa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land at sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa.
3.
Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.
4.
So stod dei gjenom Tiderna
vel mange tusund Aar.
Og Graset voks um Liderna,
og Lauvet kom kvar Vaar.
og Vinden tok um Topparne
og Vatnet tok um Fot;
men dei gilde gamle Kropparne
dei toko traust i mot.
5.
Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.